Gudbrandsdalsseminaret 2020

Interessant seminar på Maihaugen 29.januar kl 09.30 :

Reiseliv til ulike tider og i ulike former er emne for Gudbrandsdalsseminaret i 2020. Fylket vi bur i blir rekna for det fremste reiselivsfylket i landet. Fjella våre har skremmt, og dei har lokka, og dei freistar med ekstreme utfordringar i Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen.
Fromme og botferdige pilegrimar drog over Dovre i mellomalderen, i
dag går ein ny generasjon den same vegen. Setrene var mottak for dei
første fjellturistane. Brystsvake fann likesinna på sanatoria. Somme
stader, bl.a. på Høvringen og på Gålå, utvikla setergrendene seg til
turistdestinasjonar. Innover viddene spring hyttefelta opp til fritidsglede for mange, til inntekt for andre, og til bekymring under omsynet til
den ville natur. Til fritidslivet høyrer også oppfatningar om fjellets arkitektur.
Dette er problemstillingar som blir sentrale for
Gudbrandsdalsseminaret 2020.

 

Brosjyre 2020 Gudbrandsdalsseminaret