Dei gamle kyrkjebøkene II

Også denne artikkelen er skrevet av Lars Holmen. Den sto på trykk i «I gamle fotefar» i 1994.

I årsheftet i fjor stod det ein artikkel om dei gamle kyrkjebøkene, og der stod det om døypte, konfirmerte, og koppevaksinerte. Her skal det forteljast om «troloffede» og «ægteviede», døde, innflytte og utflytte. Vi har kyrkjebøker frå 1671 til 1890-åra – altså vel 220 år. I tidsrommet 1716-1738 manglar i alt 11 årgangar av kyrkjeboka – men veit ikkje grunnen til det.

Trulova og ektevigde

Like til 1824 ser det ut til at truloving er ei offentleg sak, og «troloffede» og «egteviede» er oppført i kvar si liste. Ikkje alle trulova er å finne att under «Egteviede» og omvendt. Men noen ektevigde som ikkje står under «troloffede», har av og til ein merknad om at dei «ere tilforn troleffede». Frå 1671 og fram til 1739 var det berre to prestar i Øyer, Friderich og Christian Wolfgang Monrath – far og son. Opplysningane er svært stutte – berre namnet og farsnamnet er med – t.d. Ole Olsøn og Ane Olsdtr. Men når det gjeld eigen familie, er den yngste Monrath riktig omstendeleg. Her er eit eksempel:

Anno 1703 den 16 febr. blef jeg Christian Wolfgang Monrath trolofvet i Edsvolds Prestegaard paa Øfvre Rommeriiget med den dydædle Gudfryktige og deraf yndige Mademoiselle Susanna Kraft, ved min H.K. sviegerfader Sognepresten for Edsvolds Menighet, den Ærværdige og fornemme, vellærde Mand Her Jens Kraft. Og saae derefter.

Anno 1703 den 12. juli I Edsvolds Hovedkirche med min hjerte kiereste fæstemøe copulered ved prousten ofver Øfvre Rommeriiget hans velærværdighet her Jens Colstrup.

Anno 1703 15 aug. blef den ærværdige og fornemme vellærde mand Her Christopher Kraft i Øyers hovedkirke copulered med min hierte-kiere søster mademoiselle Margrethe Monrath ved prousten min H.K. fader Mag: Friderich Monrath). (H.K. står for hierte kjere).

Da presten Wielsgaard kom i 1739, vart det ei endring. Datoane da paret vart trulova og vigde står i samme notat. Samstundes er forloverar – eller kausjonister som det heitte, oppførte. Og det er alltid to menn. Så lenge vi har tilgjengelege kyrkjebøker – fram til 1890-åra, er det berre menn som er forloverar. Om ordningen var ny i 1739, eller om forloverane ikkje var oppførte før, veit vi ikkje.

I 1824 har det skjedd ei endring med kyrkjebokføringa. Nå fell trulovinga bort. I staden blir det lysing av ekteskap tre gonger, og alderen på brurfolka står nå oppført. Trulovinga hadde nok same funksjon som lysinga fekk seinare: å klargjera den rettslege sida for ekteskap. Frå 1842 er fødestad og opphaldsstad til brurfolka oppgjevne, likeså namnet til fedrane. Og i slutten av århundret står det når og kvar dei var konfirmerte og om nattverdsgang. I året 1824 blir det også ein anna skikk med konfirmantane. Dei blir nå oppført med namn, fødselsdato, fødestad og namn på foreldra, og dei får karakterar.

Dei første ti-åra vi har kyrkjebok, ser det ut til at giftelysta har vore svært ujamn. Eitt og anna året har det ikkje vore ei einaste vigsel, andre år opp til tjuge par. I snitt er det 5-6 par i året. Alderen på førstegongsgifte var i 1824 på 27 år for menn og 25 år for kvinner, og omlag der held det seg gjennom resten av hundreåret.

Kvar fann ungdommen i Øyer og Tretten livsfølgje i desse vel 200 åra som vi har oversyn over? Dei gjekk ikkje langt: med få unntak finn dei ektemake innanfor prestegjeldet. Dei få som ikkje gjer det, går stort sett berre til nabokommunanene Fåberg, Gausdal og Ringebu. I 1890-åra med jernbanebyggjinga kjem det folk frå langt unna, like frå Sverige.

Dei allminnelegaste titlane som går på yrke er desse: gårdmand og gårdmandssøn og -datter, husmand, husmandssøn og -datter, selveier, tjener, tjenestepige, daglønner, soldat. I 1890-åra får vi titlar som jernbanearbeider og broarbeider. Nemningar som går på sivil status er ungkarl, pige, enke og enkemand, fattiglem og lægdslem.

Døde

Den eldste Monrath droppar alderen på dei døde til å begynne med, men frå 1690 er alderen med. Av og til er ikkje namnet nemnt, men det kan stå t.d. slik: en fattig mand, eller en fattig kvinde. Frå omlag 1680 gje han folk attestar – nesten alltid positive. Her er noen eksempler: en god og erlig presteven; en gudfrøktig pige som elskede Gud og æret sin præst af sit hjerte; en Enfoldig og godhjertet Mand; et exempel for alle gamle kvinder i skichelighed. men ein har også eksempel på riktig krasse karakteristikkar: Vanskelig og hastig mod sin prest; og enda sterkare: Gud være loffvet som lod ham dø, thi han var et skiødesløs og ont menniske, han lige mod Presten aldrig fundet i løgn og fortred.

Vi merket oss at det er svært høge dødstal. Noen år rundt 1700 er det fleire døde enn fødde. I 1697 var det eit fødselsunderskott på 29, og vi ser at svært mange av dei døde er barn. Over halvparten under 15 år, fleire dødfødde; dei fleste borna døde dei 2-3 første leveåra. Slik held det seg mest heile tida, med enkelte toppar. I 1779 var det 82 døde. 60 av desse var under 15 år – altså 3/4. I 1790 var 2/3 av dei døde under 15 år. Også i 1802 var det omlag slik. Berre i månadene februar og mars det året døydde 40 born i prestegjeldet – fleire var sysken. Det står ingenting om dødsårsak eller noka forklaring på desse høga dødstala blant born, men det må ha vore ein sterkt smittsam sjukdom, kanskje koppar. Sjølv etter at koppevaksinasjon vart gjennomført – rundt 1820 – er omlag 1/3 av dei døde under 15 år. Og slik held det seg resten hundreåret. Dei siste tiåra står ofte dødsårsaken oppgjeve, men det er ikkje gjennomført. I 1870-åra døydde nokså mange barn av kikhoste og skarlagensfeber. Mange vaksne døydde av lungebetennelse eller tæring.

I ufredsåra før 1814 står det om soldatar som er døde ute i teneste. I 1788 står det slik: Soldater døde i Sverige eller under Grensemarchen: Christian Engebretsen Kramprud, Johannes Østenson Fossum, Ole Erichsen Offigstad. I 1809 står det såleis: Af de udkommanderede er døde: John Johansen Smedstuen, Torger Torgersen og Frants Torgersen Brynsveen. Christoffer Pedersen Hunder, Ole Jørgensen ved Lie. Og i 1814 kan ein lesa dette: Soldater som døde på sin udmarsj: Jacob Erlandsen ved Glomstad (32), Lars Christensen ved Glømme (21) og Clemet Samuelsen Bjerke (22 år).

Av og til får vi glimt av store tragediar; t.d. ei ufift mor som har drepe ungen sin like etter fødselen. Ein gong i 1880-åra kan ein lesa ein merknad til eit dødsfall: – druknede sig selv i elven formodentlig af næringssorger. I 1830-åra står det om noen som har teke sitt eige liv. Dei er gravlagde i stillheit på ein avsides stad på kyrkjegarden uten annan seremoni en jordpåkasting, «efter Resolusjon af Amtet». Det ser ikkje ut til å ha vore nåka forståing eller medkjensle med dei ulykkelege som har gjort slikt.

Lagnaden til John Svarverstugun som omkom ved Nysetra på heimveg frå Østerdalen i desember 1839, er vel kjent for dei fleste. Noen få veker seinare omkom to brør, Ole og Peder Kristenson – også desse i fjellet. Men desse var attfunne nokså fort.

Utflytte og innflytte

Frå 1830-åra er det ført liste over utflytte, men først i 1842 står det noe om innflytte. (Dette stemmer ikke, kirkeboken inneholder lister over innflyttede fra 1830 og utflyttede fra 1824, selv om listene neppe er komplette. Red. anmerkning). Notat om utflytting står av og til mange år etter at utflyttinga verkeleg skjedde – t.d. «flyttet for 4 år siden». Dette får ein til å tvile på at listene er fullstendige. Kor stor var utflyttinga? Det gjekk i bølgjer. Held vi oss til det listene fortel, blir bildet slik: Frå 1830-åra flytte det i snitt 22-23 menneske frå prestegjeldet for året: i 1840-åra kjem ein opp i 36-37.

Kvar reiste dei? Svært mange reiste til Kristiania og Aker – både familiar og enkeltmenneske. Dette var vel ei tid da byen var i sterk utveikling og at derfor var arbeid å få der. Ikkje så få hadde verva seg som yrkessoldatar. Elles flytte folk til nabokommunane utan at ein finn noe mønster i reisemåla. Somme reiser til andre kommunar «for at inngaa egteskab og forblive der».

Men alt i 1830-åra og enda sterkare i 1840-åra finn vi at svært mange reiser nordover til Trøndelag og Nordland. Ein del også til Møre og Romsdal. Oftast står det til «Trondhjem Stift» eller «Det Nordenfjeldske» eller «Nordlandene». Kommunar som er nemnt er Meldalen, Grytten, Inderøya, Kolvereid, Ørlandet, Nærøy og elles somme andre kommunar nordafjells. Eit par gonger er reisemålet Finnmark, men Bardu og Målselv er aldri nemnd.

Her er det også både enkeltpersonar og heile familiar som dreg. Dei første som dreg nordover er ein familie på fem: Ole Olsøn ved Ile, 32 år og kona Mari Marcusdatter på same alder med tre barn i alderen 1/2 til 6 år. Det var i 1831, men det er først i slutten av 1840-åra og i -50-åra at dei fleste dreg. I 1848 dreg ein familie på 11. Det er Erik Gundersen Sletten (51) og kona Mari Jensdater (48) med 9 born som reiste til Nærøy prestegjeld i Nordland.

Denne utvandringa nordover kunne ha vore eit studium verdt. I forteljinga «Fravel, fantdal!» fortel Hans Aanrud om eit par som hadde tenkt seg til Nordland i denne tida. Forfattaren Knut Hamsun drog som 4-åring med familien sin til Hamarøy i Nordland.

Men nå finn vi også dei første Amerika-fararane. 12 mai 1840 står det slik:

Engebret Jensen 33 år og kone Anne Jacobsdtr. 22 år
Jens Engebretsen f 18/2 1838
Mari Jacobsdtr. 16 1/2 år
Peder Eriksen Elstad f. 1/7 1820

Mari og Anne er truleg systrer. Utover i -50-åra aukar det på. I 1857 reiste det 129 menneske frå Øyer prestegjeld. 112 av desse drog til Amerika, og nå er det meist hele familiar som dreg. Talet på Amerika-fararar varierer: I 1859 og -60 reiste ingen; i -61 reiste 47 menneske. Men frå mai 1862 til juni -65 var det ikkje ein einaste Amerika-farar. Det er to grunnar til det: borgarkrigen mellom Nord- og Sørstatane og indianaropprøyret i Minnesota i 1862. Frå 1866 tek utvandringa seg opp att. Dette året reiste 85. Borgarkrigen var slutt, og indianaropprøret var slått ned. Utover i århundret held det seg på 30-40 menneske for året, men i 1890-åra stopper det heilt op, for da får folk arbeid med jernbane- og brubyggjing.

Homesteadlova frå 1862 lokka mange over. Denna lova slo fast: Amerikanske borgarar over 21 år, eller folk som hadde søkt om å bli det, kunne få ein kvart (dvs. 1/4 engelsk kvadratmil) 640 dekar, på desse vilkåra: Dyrke opp minst 1/3 av arealet innan 5 år og busetja seg på eigedomen.

For dette måtte dei betale noen få dollar for å ordne papira. I Canada var arealet dobbelt så tort. Styremaktene i desse landa ville ha innvandring. Utvandratane fekk attest frå presten. Utanom namn og fødselsdato inneheld ho fødestad, bustad, konfirmasjonsdato, siste altargang og «ledighed for ægteskab».

Innflyttinga til kommunen er lita. Dei 12 første åra vi har oversyn over, kjem det i snitt 8-9 menneske. Mange år manglar det heilt oppgaver for innflytting – enten det nå ikkje har vore innflytting i det heile, eller presten ikkje har teke dette så nøye. Men ein anna forklaring er at alle som flytte på seg den gongen, reiste til Amerika. Anleggsarbeidarane i samband med jernbanebyggjinga er ikkje oppførte som innflytta, sidan dette var berre ein mellombels arbeidsplass.

Gjennom kyrkjebøkene kan vi få innblikk i mange sider ved samfunnet; dei kan vera inngangsport til fleire slags studiar.

 

Red. merknad:

Den familien som omtales som de første Amerikafarerne kom seg til ikke av gårde første gangen de står oppført, i 1840. I 1844 finner vi den samme familien (pluss et par barn og Engebret Jensens yngre bror, Ole) oppført som utflyttet til «Nærøens prestegjeld». Mari Jacobsdatter, som ganske riktig er konens yngre søster og gift med Ole Jensen siden 1842) er fortsatt med, Johanne Knudsdatter på 18 år er kommet til, mens Peder Eriksen Elstad ikke lenger er en del av gruppen. Familien holdt til på Linløkken.

Den samme gruppen er registrert som innflyttet til Nærø og garden Løvøen i 1844.

I 1860 ble Engebret Jensen og Mari Jakobsdatter Løvø med 8 barn fra 1 til 22 år registrert som utflyttet til Amerika. Samme år (1860) kom de til Coon Valley i Vernon county, Wisconsin, der de bosatte seg og fikk i hvert fall et par barn til. Engebret døde i 1884 og Mari i  1892. Begge ligger begravet på Upper Coon Valley Cemetary. I USA brukte begge to og i hvert fall de eldste sønnene navnet Lienlokken.

Kanskje du er interessert i dette også:

Sidemeny