Dei gamle kyrkjebøkene

Denne artikkelen som er skrevet av en av lagets æresmedlemmer, Lars Holmen, sto første gang å lese i «I gamle fotefar» i 1993.

Her i Øyer er vi så heldige å ha kyrkjebøker -ministralbøker- som dei kallast, like attende til 1671. Det skal vera heller sjeldsynt. I Historielaget har vi hatt noen eldsjeler som har skrivi av desse bøkene og gjort dei tilgjengelege for folk flest.

Det har ikkje vore noen enkel jobb. Handskrifta var ofte rotet, og lenge var det brukt gotisk skrift. Ut av desse bøkene kan ein lesa mye interessant. Ikkje berre om slekt og slektskapsforhold, men også om kyrkjelege og sosiale forhold.

Bøkene som er tilgjengelege til nå går fra 1671 til 1890-åra. Altså over 220 år. Inntil 1878 var det ført felles kyrkjebok for båe sokan; deretter fekk kvart sokn si eiga bok. Frå starten til 1825 er berre fire slags kyrkjelege handlingar bokførte; døpte, trulova, ektevigde og gravlagde. Frå 1825 kjem konfirmerte, seinare utflytte, innflytte, koppevaksinerte, og noen år rundt 1880 er det liste over «Levert seddel på gift». I denne artikkelen skal berre døpte, konfirmerte og vaksinerte tas med. Så får resten komme seinare.

Frå 1671 til 1738 var det berre to prestar i prestegjeldet, Fridrich og Christian Wolfgang Monrath, far og son, med skifte i 1697. I 1720 og 30-åra manglar i allt 11 årganger av kyrkjeboka utan at ein har noka forklaring på det. Båe desse prestane skriv svært stutte og nokså ufullstendige opplysningar. Da varar ei bok lenge. Den første boka i heile 62 år. Opplysningane i bøkene ser ut til å vera nokså personavhengige.

Døpte

Fram til 1780 er berre ein dato oppgjeven i samband med barnedåp, truleg dåpsdatoen. Det fortel om kor mannsdominert samfunnet var, når det like fram til 1762 er berre faren av foreldra som er nemnt ved dåp. Ofte er det nokså upresist. Til dømes «Oluf borti Liens pigebarn Ingri». Ja, ein har eksempel på at ingen av foreldra er nemde med namn. Det ligg sosial nedvurdering i ein slik måte å skrive på: «Ein fattig mands drengedatter Staaler». 24.8.1684 har presten gjort det riktig lettvint, for der står det under «Døbte»: «Erich Moshuuses, Sivert Liens og Peder Stalsbergs børn». Ikkje noe namn på borna eller mødrene er nemnt.

Også når det gjeld barn av ugifte foreldre, er oftest berre faren nemnt. Til dømes «Oluf Simonsøns uægte barn Maret».

Når det gjeld eigen familie derimot , tek den yngste Monrath sin mon att, for der står det utførleg kven som var med ved dåpen. Både med titlar, namn og andre ting. Først frå 1762 står båe foreldra oppførte. Det hadde samanheng med presteskifte.

Eit par år i 1690-åra er fadderane nemnde, men det blir fast frå 1733. det var fem fadderar – jentebarn hadde tre kvinner og to menn. For gutebarn var det omvendt. (først i 1920-åra blir berre to fadderar innførte.) Frå 1780 er både fødselsdag og dåpsdag oppførte. Det syner seg da at borna vart døypte innan dei var åtte dagar gamle. Ja, det finst eksempel på at fødselsdag og dåpsdag er den samme.

Berre unntaksvis er dei eldre en åtte dagar ved dåpen. Dette vil igjen seia at borna vart ført til dåpen første søndagen dei var til. Øyveringane måtte reise til Tretten  og omvendt. Dette går også fram av namna på dåpsfolket. Hesteskyss vinterstid i kalde kyrkjer måtte vera ei hard påkjenning for dei nyfødte.

Heimedåp

Studerer ein dåpsdatoane, går det fram at born har vore døypte også på kvardagar. Men først frå 1824 står det om heimedåp. Noen stikkprøver i 1830-åra syner at kvart femte-sjette barn vart heimedøypte. I slutten av århundret vart kvart åttande-niande barn heimdøypte.

Det er alltid lekfolk som utfører dåpen. Det er jordmora eller ein nabo, mann eller kvinne. Det er aldri presten. Årsaken til heimedåp var sjølvsagt fare for at barnet kunne døy før det kom til kyrkja. Dersom det likevel overlevde, vart lekmannsdåpen stadfesta i kyrkja.

På same tid som lekmannsdåp blir vanleg, blir også dåpsborna litt eldre. Framleis blir mange døypte før dei er en veke gamle, men dei kan også bli opp til fem veker. Var det da først i 1824 at borna vart heimedøpte? Sikkert ikkje. Dåp på kvardagar før denne tdi må vera heimedåp, utført av presten, utan at det står noe om det. Da var vel heller ikkje stadfesting i kyrkja nødvendig, for dette vart vel å sjå på likeeins som soknebod og kyrkjerettslig gyldig.

Kvifor ei markert endring i 1820-åra? det har truleg samanheng med Hauge-rørsla som på denne tida hadde vunne fram og med en større åndeleg fridom. Konventikkelplakaten av 1741 nekta lekfolk å forkynne Guds ord utan at det var ein prest til stades. Å gjera andre kyrkjelege handlingar var heilt sikkert tabu for lekfolk. Først i 1842 vart denne lova oppheva, men da hadde ho truleg «halvsove» eit par ti-år.

Ein annan årsak til slik snarleg dåp, kunne vera angsten for dei underjordiske. Udøypte var i fare. Men når dei vart døypte og teikna med det heilage korsteiknet, var dei stort sett trygge. Ting av stål i vogga hadde same verknad. Psykisk funksjonshemming vart forklart slik: Dette var born som høyrde dei underjordiske til og som desse hadde lurt seg til å byte bort. Derfor ordet «byting» om ein psykisk funksjonshemma. kor lenge denne trua held seg, eller kor sterk og omfattande ho var, er vanskeleg å seia. P. Chr. Asbjørnsen fortel om slikt i «En signekjerring» frå midtdalen i 1840-åra.

Mødres kyrkjegang

Fem-seks veker etter fødselen skulle barselkvinna bli introdusert – bli innleid – i kyrkjeboka korte til «intr.», også kalla for «mødrenes kyrkjegang». Det står fyrste gong i 1733, men har kanskje vore brukt heile tida, like sidan reformasjonen. Vi veit det var brukt i katolsk tid. Men det kan også ha vorte innført da, akkurat som konfirmasjonen tre år seinare.

Det tok slutt i 1833. I «Alterbok for Den norske kirke» så seint som i 1920 står framleis eit ritual for mødrenes kyrkjegang. men det er ein friviljug sak om ein vil ha denne tenesta.

Barselkvinna med følge skulle møte i våpenhuset eller i sakristiet like før gudstenesta. Der skulle presten møte henne, anten før gudstenesta eller under ei av dei første salmene. I ein stutt tale minner han henne først om å takke Gud som nådig har hjelpt henne og gjeve henne glede over at eit nytt menneske er født til verda. Han minner henne også om å vise takksemd i gjerning ved å la barnet oppsede i Kristus, og sjølv gå føre med eit godt og kristeleg eksempel.

Etter talen sa han: Gå inn i Guds menighet med fred, og takk Herren din Gud, som har gjort vel imot deg. Han styrke deg fremdeles til sjel og legeme, og la din inngang og din utgang nå og alltid være velsignet for hans åsyn. Amen.

Det er grunn til å tru at ritualet var noe nær det same den tida mødrenes kyrkjegang var fast.

Konfirmasjon

Lov om konfirmasjon kom i 1736. Likevel skal det gå like til 1772 før det står noe om konfirmasjon i kyrkjeboka. Men det kan ha vore utan at det står noe om det. I lista over «Døbte» dette året står det den 10. mai slik: «I Tretten annex Confirmeret 62».

Det var konfirmasjon i berre eine soknet kvart år og stort sett etter dette mønsteret: To år på rad i Øyer, eitt år på Tretten.

Noe namn på konfirmantane står ikkje, men etter kvart står det kor mange det var av kvart kjønn. I kyrkjestatistikken for kvart år er konfirmantene ikkje nemnde. Dette kan tolkast som at konfirmasjonen ikkje vart sett på som noen viktig sak så tidleg.

Først i 1825 blir det ein annan skikk. Da står konfirmantane oppførte med namn, fødselsdato, namn på foreldra og når dei hadde fått koppevaksine. Eller dei hadde attest for å ha hatt «ægte kopper». Fra 1833 var det konfirmasjon i både sokn kvart år, og frå 1842 får konfirmantane karakterer. Det gjeld kristendommskunnskap og «indenad-læsning». Frå 1859 er det ein karakter for kristendomskunnskap og flid, medan karakteren for lesing har falle bort. Seinare er det karakter berre for kristendomskunnskap, og aller sist kjem «forhold» eller «oppførsel» med.

Karakterane som var brukte var Særdeles eller udmerket god (svært sjeldan), Meget god, Temmelig god og Mådelig god. I tillegg var det også brukt pluss eller minus eller «næsten».

Dei fyrste åra med karakterar, har opptil ein tredje-del av flokken vore førebudde i både to og tre år. Ein har gått i fire år, ein annan i fem år og ein tredje i heile seks år. Frå 1880-åra ser det ut til å ha vore lettare å komme gjennom – da er det svært få som går omatt.

Alt dette fortel at konfirmasjonen må ha vore ei skikkeleg kunnskapsprøve. Dei unge vart oftast konfirmerte når dei var 14 eller 15 år og dei som gjekk omatt vart tilsvarande eldre. Gutar og jenter står oppført kvar for seg. Gutane alltid først.

Og dei svakaste karakterane står stort sett sist på lista. Dei hadde truleg følgje også på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen.

Både undervisningsmåte, kunnskapsmengde og krav, vurdering og plassering i rekkja, måtte bli svært person avhengig den gongen. Nå hadde konfirmasjonen vorte svært viktig. For utan den var ein ikkje sett på som vaksen og fekk til dømes ikkje gifte seg.

Koppevaksinasjon

Den fyrste opplysning om koppevaksinasjon har vi i samband med konfirmantane i 1825, fyrste året desse er nemde med namn. Tre fjerdedeler av denne flokken er vaksinerte, medan resten har attest for å ha hatt «Ægte kopper». Deretter er så og seie alle konfirmantane vaksinerte, medan eit fåtall har attest for å ha hatt kopper.

Vaksinasjonen har vore gjort til ymse tider opp gjennom barneåra, frå eitt til 14 år. Koppevaksinasjon vart påbode i 1810, men det ser ut til å ha gått noen år før det vart heilt gjennomført. Etter kvart blir vaksinasjonen gjort før dei er seks år.

Leiermål

Leiermål kallast det å få barn utanfor ekteskap. Nå er ordet utdøydd. Desse borna vart karakteriserte som «uægte» – eit utriveleg ord.

I slutten av 1600-tallet var det forholdsvis mange slike. I slutten av 1800-tallet derimot kunne det vera berre to til fem av eit fødselstall på rundt 100. Etter at utvandringa til Amerika skaut fart etter 1865, har barnefaren ofte «utvandret til Nord-Amerika».

Noen år omkring 1880 står det av og til eit spørjeteikn ved ordet «uægte». presten må ha vore i tvil, og kvifor det? Jau, det er mindre enn ni månader mellom foreldrenes giftermål og barnefødselen. Eitt par manglar åtte dagar, eit anna tre dagar! Har ikkje presten høyrt at born kan bli fødde for tidleg? Det synte seg å vere ein bestemt prest som tenkte i slike baner.

Først i 1890-åra kom det mange bru- og jernbanearbeidarar til bygda. Dei fleste var norske, men ein god del var også svenske. Noen av desse – av både nasjoner – finn vi att i kyrkjebøkene. Noen som fedrar til barn fødde utanfor ekteskap. Omgrepet «å gjera svenske av seg» skriv seg frå denne tida. Det var ei nokså urettvis skulding, av to grunnar. for det fyrste: Svenskane var neppe meir ansvarslause enn dei norske i så måte. Svært mange av svenskane fann seg livsfølgje her i bygda, og står under «ægteskab indtrådte».

Halødninga til ugifte mødre var så dømmande at dei som kom i denne stillinga gjorde alt for å dølgja ho. Det var truleg ein del ulovelege abortar, eller borna vart fødde i dølgsmål og sette bort.

Mor og barn vart da skilde alt frå fødselen. Ho måtte nekte for at ungen var til, og måtte leva i stadig angst for at dette likevel vart kjent. Og det vart det nok som oftast. Ein har og eksempel på barnedrap.

Så verda har da likevel gått framover!

Kanskje du er interessert i dette også:

Sidemeny